Helsestasjon for ungdomHelsestasjon for ungdom er eit gratis tilbod om helsetenester for ungdom i Kvam frå 13-20 år. Stad: Norheimsund helsestasjon, Sandvenvegen 35, 5600 Norheimsund. Ope kvar torsdag frå kl 14.30 – 16.30. På helsestasjonen møter du helsesjukepleier og lege som du kan snakke med om emne som opptek deg. Tenesta er gratis. Me har teieplikt. Prat gjerne med oss om: Korleis du har det Vennskap Identitet Kjærastar Sex Rus Hos oss kan du få: Prevensjon Graviditetstest Test for kjønnssjukdom Du treng ikkje bestille time på førehand. Du kan ta kontakt med helsesjukepleiarane som arbeider på helsestasjonen: Helsesjukepleiar Christel Mo Vik Tlf. 954 02 669 E-post: chrvik@kvam.kommune.no Helsesjukepleiar Linda Haga Tlf. 918 26 285 E-post: linhag@kvam.kommune.no For meir informasjon sjå: Nasjonal rettleiar for helsestasjon og skulehelseteneste Publisert av Torill Høyland Sist endra 07.04.2025 10:50