BUA KvamKva er BUA? Kvam herad har, i eit samarbeid med ØIL og Lions, opna ei BUA-avdeling i Kvam. BUA (Barn-Unge-Aktivitet) er ein nasjonal ideell organisasjon som har som føremål å gjera det enklare for barn og unge å prøva ulike aktivitetar, utan å auka forbruket. BUA tilbyd gratis utlån av utstyr til sport til friluftsliv. Privatpersonar, barnehagar og skular i Kvam få låna utstyr gratis til i inntil 7 dagar. Slik låner du utstyr:For å låna utstyr må du ha låneprofil i BUA og den kan du lage her: https://www.bua.io/registrer Du kan låne ustyr i opningstidene til Bua. Utstyret kan reserverast inntil to veker på førehand. Utstyr får du oversikt over her: https://www.bua.no/bua-kvam/utstyrOpningstider:BUA har ope måndagar frå 13:30 til 15:30 og torsdagar frå 17.00 til 19:00. Her finn du oss:BUA Kvam held til i Øvre Vik 3 i Øystese (gamle Røde Kors-huset) , rett ved hovudvegen. Det er busshaldeplass rett nedanfor. Spørsmål?Ta kontakt med Kristin Lundblad e-post: krisve@kvam.kommune.no Publisert av Kristin Lundblad Sist endra 12.11.2025 12:31