Kvam herad kan etter avtale tilby veljarar å tidlegrøysta i resepsjonen til rådhuset i opningstida til rådhuset måndag–fredag i perioden 1. juli–8. juli 2025.
Ved særskilde høve vert det lagt til rette for tidlegrøysting utanom ordinær arbeidstid.
Dersom du ynskjer å tidlegrøysta, kan du ta kontakt med resepsjonen på rådhuset eller per tlf. 56 55 30 00.
Dersom du har røysterett ved sametingsvalet, har du høve til å tidlegrøysta samstundes som du røystar ved stortingsvalet.
Slik går røystegjevinga føre seg:
- Du avtalar tid for røystegjeving
- Du må kunna visa legitimasjon
- Du vert vist til ein røystebås der du kan gjennomføra røystegjevinga.
- Før du går ut av båsen, brettar du røystesetelen med stempelsida ut. Då unngår du at nokon andre i lokalet ser kva du har røysta.
- Røystemottakar stemplar setelen din. Du puttar den ned i ein brun omslagskonvolutt. Du gjev konvolutten til røystemottakar.
- Røystemottakar fyller ut eit valkort med informasjon om deg som veljar. Deretter puttar røystemottakar konvolutten i lag med valkortet ned i ein omslagskonvolutt med vindauga.
- Du legg konvolutten ned i ei forsegla urne.