Røysta heime

Dersom du ikkje kan koma til eit av vallokala fordi du er ufør eller sjuk, kan du søkja valstyret om å få røysta der du bur.

Ambulerande røystmottak kjem i hovudsak til å bli arrangert i veke 35 og 36. Dersom du har røysterett ved sametingsvalet, får du høve til å røysta ved dette valet også.

Søknadsfrist og innhald i søknad  

Søknadsfristen er torsdag 4. september 2025 kl. 12.00.

Du tar kontakt på tlf. 56 55 30 00 (i opningstida på rådhuset) eller ved å senda ein e-post til postmottak@kvam.kommune. Merk denne med «Val 2025. Søknad om å røysta heime».

Du må leggja att namn, adresse og telefonnummer slik at me kan ta kontakt med deg for å avtala tidspunkt for røystegjeving.

Dersom du ikkje klarar dette sjølv, er det i orden at ein av dine pårørande eller ein annan hjelpeperson gjer dette på vegner av deg. Det er viktig å understreka at du skal ha gjeve samtykke til dette. 

Bilde av stemmesetel som vert lagt i urne - Klikk for stort bilete Tore Fjeld

Framgangsmåte for røystegjevinga

  • To valmedarbeidarar kjem heim til deg til avtalt tid slik at du får røysta. Desse skal legitimere seg slik at du veit kven dei er. 
  • Du får utlevert ein konvolutt med røystesetlar og ein penn. Dersom du også har røysterett ved sametingsvalet, så får du utlevert ein ekstra konvolutt. 
  • Du gjennomfører røystegjevinga 
  • Ein av valmedarbeidarane stemplar røystesetel til stortingsvalet, før du legg denne ned i ein brun røystesetelkonvolutt. Dersom du har røysterett ved sametingsvalet, så skal du legge denne ustempla ned i ein blå omslagskonvolutt. Du limer att konvolutten. 
  • Valmedarbeidar legg deretter den brune konvolutten med setelen til stortingsvalet ned i ein omslagskonvolutt med vindauga i lag med eit valkort (med informasjon om deg som veljar) og limer att denne. Valmedarbeidaren fyller ut valkortet for deg. Dersom du skal røysta ved sametingsvalet, vert den blå konvolutten lagt ned i ein blå omslagskonvolutt i lag med eit valkort. 
  • Du legg konvolutten sjølv ned i den forsegla urna. Dersom du røystar ved sametingsvalet, så legg du denne konvolutten ned i ei eiga forsegla urne. 
  • I dei høva du treng praktisk hjelp, skal valmedarbeidarane hjelpa deg. Men sjølve valet, er det du som må ta stilling til sjølv. Dersom du ikkje treng praktisk hjelp under røystegjeving, kan valmedarbeidarane gå ut av rommet som du er på slik at du får røysta åleine. Du skal vita at valmedarbeidarane som kjem heim til deg har teieplikt.