Manntalskopi

Alle som stiller liste ved val har rett til eitt gratis eksemplar av manntalet.

Krav om manntalseksemplar må fremjast for valstyret i den aktuelle kommunen. Til fylkestingsval og stortingsval må krav difor rettast til valstyra i dei ulike kommunane i valdistriktet.

Framleggstillarane har ikkje krav på meir enn eitt eksemplar av manntalet. Det er likevel ikkje noko i vegen for at dei kan få tilgang til fleire eksemplar dersom dei sjølve dekkjer kostnadene. 

Framleggstillarane har òg høve til å be om utdrag av manntalet over utvalde grupper veljarar, dersom dei sjølve kostar det. Eit typisk døme er oversikt over fyrstegongsveljarar. 

Dersom framleggstillar ynskjer å tinga manntal for Kvam herad, skal kravet rettast til Kvam valstyre innan måndag 30. juni 2025 på fylgjande adresse: postmottak@kvam.kommune.no og merkast med: «Stortingsvalet 2025. Krav om manntalskopi. Sak 25/2680»

Retningsliner for utlevering av manntal

Retningslinene for registrerte politiske parti og andre framleggstillarar til å tinga uttrekk frå manntalet og bruket av opplysingane (partitenester).

  • Ein framleggstillar som har fått godkjend ei valliste i fylkeskommunen, kan be den einskilde kommunen om oversikter over utvalde grupper veljarar (typisk fyrstegongsveljarar).
    Eventuelle kostnader dette påfører kommunen, skal dekkjast av framleggstillaren.
  • Materiell som byggjer på manntalet, kan berre brukast til politiske føremål.
    Det er ikkje lov å gje manntalet vidare til utanforståande, med mindre føremålet er politisk arbeid.
    Med utanforståande meiner ein personar som ikkje er medlem av eller har tilknyting til partiet/gruppa.
    Dette er likevel ikkje til hinder for at partia kan la ikkje-medlemmar – til dømes ein datasentral – få tilgang til opplysningane i manntalet for å bearbeide dei til partiet si eller gruppa sitt føremål.
  • Uttrekk frå manntalet skal ikkje nyttast til kommersielle føremål.
    Manntalsopplysingar, eller opplysingar som er baserte på manntalet, skal ikkje seljast eller lånast ut.
    Det er ikkje tillate å knyta manntalet saman med andre offentlege register.
  • Tingingar skal sendast til valstyret i kommunen.
    Tilgangen gjeld hovudorganisasjonen, ikkje ungdomsorganisasjonar.
  • Utlevert materiale skal makulerast eller slettast innan eitt år etter at det vart utlevert.