Kvam ungdomsråd Kvam ungdomsråd er eit rådgjevande og lovpålagt folkevalt organ, som er sett saman av 11 ungdomar som representerer aldersgruppa 13- 19 år. Representantane er valde frå Strandebarm skule, Norheimsund Friskule, Kvam ungdomsskule, dei vidaregåande skulane i Kvam, Kvam kulturskule (nytt frå hausten 2024) og Ungdomsbasen i Norheimsund. Kvar representant er valt for ein periode på 2 år og skal ikkje ha fylt 19 år på valtidspunktet. I tillegg er det vald ein representant frå Kvam heradsstyre som er valt for ein periode på 4 år som tilsvarar heradsstyreperioden.Ungdomsrådet skal arbeida for å skapa best mogeleg ungdomsmiljø i Kvam. Rådet kan uttala seg i saker som gjeld ungdom før desse vert politisk handsama og vedtekne. Det kan i tillegg ta opp saker og fremja forslag for politiske organ som gjeld barn og unge sin kvardag.Ungdomsrådet kan arbeida med konkrete aktivitetar og prosjekt knytt til barn og unge. Kvam ungdomsråd har møte- og talerett i Kvam formannskap og Kvam heradsstyre sine møte i dei saker som kjem inn under ungdomsrådet sitt arbeidsområde. På Kvam heradsstyre sitt møte 14.11.2024 vart samansetjinga av ungdomsrådet for hausten 2024- hausten 2025 formelt vedteke. Kvam ungdomsråd konstituerte seg 25.11.2024. Hallvard Valland Nordheim frå Kvam ungdomsskule vart vald til leiar og Alexander Nitter frå Kvam ungdomsskule vart valt til nestleiar. Alexander Nitter er også valt til leiar for Hardanger ungdomsråd i denne valperioden. Du kan følgja med på aktiviteten til Kvam ungdomsråd på Instagram. Sjå også:Kvam ungdomsråd sitt reglement vedteke i Kvam heradsstyre sitt møte 12.11.2019, revidert 3.11.2020 og 10.12.2020. (PDF, 540 kB) Dette reglementet vart supplert med endringar vedteke i heradsstyret sitt møte 14.11.2024. Ungdomsrådet skal revidera reglementet i løpet av vinteren 2025. Rettleiar for gjennomføring av nominering av representantar til Kvam ungdomsråd. Vedteken på Kvam ungdomsråd sitt møte 4.5.20 (PDF, 586 kB)Kvam ungdomsråd er også medlem i Hardanger og Voss ungdomsråd.Ungdata og Sterke felleskap Kvam ungdomsråd har vore sterkt engasjert i arbeidet med “Sterke fellesskap” sidan våren 2024. Her finn du rapporten frå arbeidet så langt: Sterke fellesskap- ung i Kvam 2024 (PDF, 3 MB) Oversikt representantar hausten 2024- hausten 2025Funksjon:Namn:Vararepresentant(ar):Tilrådd frå:LeiarHallvard Valland Nordheim1. Halvor Økland 2. Hannes Jon Tore SkaarKvam ungdomsskule NestleiarAlexander Nitter 1. Viljar Botnen Ungdomsbasen MedlemLisbeth Lingener 1. Halvor Økland 2. Hannes Jon Tore SkaarKvam ungdomsskuleMedlemSondre Fagerheim Lunestad 1. Halvor Økland 2. Hannes Jon Tore Skaar Kvam ungdomsskuleMedlem Tommy Augestad Strandebarm skule MedlemErlend Bergesen Gravdal Maylinn Kathrine Håland Norheimsund FriskuleMedlemMarkus Elias Fosse 1. Vegard Kvamsøy 2. Jacob Neteland Ellingsen3. Morgan Augestad LjonesKvam vidaregåande skuleMedlemHenrikke Steine 1. Vegard Kvamsøy 2. Jacob Neteland Ellingsen3. Morgan Augestad LjonesKvam vidaregåande skuleMedlemVictoria Høyland Liselotte Lehmbre Framnes Kristne Vidaregåande skuleMedlem Guro Bell Berge Kvam kulturskule Medlem Signe Vik Kvam kulturskule Politiske representantar valt frå Kvam heradsstyre perioden 2023-2027:Johanne Neteland, Sp med personleg vara: Heidi Fanebust, FrP Diverse kontaktinformasjon til Kvam ungdomsråd: Pressekontakt for ungdomsrådet (intervju og spørsmål frå media til ungdomsrådet): Sondre Fagerheim Lunestad E-post: sondrefl09@gmail.com Tlf.: 466 70 125Ansvarleg for SOME (Ungdomsrådet si instagram- og facebookside)Markus Elias Fosse E-post: fossemarkuselias@gmail.com Tlf.: 483 82 574 Koordinator og kontaktperson for Kvam ungdomsråd:Kari Weltzien Vik, administrativ rådgjevarE-post: kwvi@kvam.kommune.no tlf: 995 43 057 Publisert av Kari Weltzien Vik Sist endra 25.11.2025 21:48