Klarspråk for folkevalde Tungt og uklart språk i tekstar kan lett føra til mistydingar og veikja tilliten til det offentlege. Dersom innbyggjarane ikkje skjønar innhaldet i teksten, vert det vanskeleg for dei å delta i og fylgja opp saker som vedkjem dei. Forvaltingspråket bør difor vera klart og lettfatteleg. Klarspråk fremjar demokrati og rettstryggleik. Her finn du den vedtekne språkprofilen til Kvam herad og andre ressursar som du kan ha bruk for i arbeidet ditt som folkevald. Språkprofil for Kvam herad (PDF, 2 MB)Ordbøkene.noAdministrativ ordliste (bokmål-nynorsk)KlarspråkE-læringskurs i klarspråkKommunikasjonsstrategi 2017-2021Skrivereglar Publisert av Kari Weltzien Vik Sist endra 02.06.2025 10:56