Oppdatert: Stenging av Steinsdalen bru, Fv 49

Ny plan er heilt stengt bru i midten/slutten av neste veke (veke 6)

kartutnistt som syner steinsdalen bru marker med raud runding - Klikk for stort bilete

 

Oppdatering 27.01.26

Det kan no sjå ut til at det blir i stenging av brua i midten/slutten av neste veke  (veke 6) og ikkje laurdag 31.01 slik det fyrst vart informert om. Dette avhenger litt av når fylkeskommunen får løyve frå vegmyndigheitene.

Dei planlegg for at bussar/ lastebilar brukar kv. 1031 og fv. 5118 når brua er stengt. Personbilar skal leiast inn på kv. 1027.  Vogntog og semitrailerar vil måtta køyra om fv. 48/fv. 576 eller om Voss og Granvin. Det vil vera dirigentar på plass som dirigerer og sorterer trafikken i riktig retning i Steinsdalen.

Fykeskommunen kjem tilbake med nøyaktig tidspunkt når dei har det.

______________________________

Informasjon publisert 23.01.26

Fylkeskommunnen er i gang med vedlikehaldsarbeidet på Steinsdalen bru, Fv49 i Norheimsund. Brua skal få nytt rekkverk og nytt slitelag. Som følge av dette må det etablerast nye kantdragarar. Støyping av kantdragarar kan ikkje utførast når det er trafikk på brua på grunn av vibrasjonar som følge av trafikken. Einaste utveg her er å stenge brua under støyping og i første del av herdeprosessen. Dette for å unngå riss og sprekkjer i ny kantdragar.

Planen er då å stenge brua i ca 16 timar frå start, å støype til betongen har nok trykkfastheit. Framdriftsplanen er litt usikker i forhald til når det blir støyp. Brua vert då planlagt stengt frå kl 08:00 om morgonen og fram til midnatt kl 00. 

Når dette pågår må trafikken få gå på Fv 5118/Kv1036, samt Kv1027.
Fylkeskommunen har planlagt å dirigere personbilar inn på Kv1027, samt bussar/lastebilar utan hengjar inn på Fv 5118/Kv1036. 

Semitrailarar og vogntog vil måtta finna andre ruter.

 

Kartutsnitt som syner omkøyring KV1027 - Klikk for stort bileteOmkøyring KV1027

 

kartutsnitt som syner omkøyring KV1031 og FV5118 - Klikk for stort bileteOmkøyring KV1031 og FV5118



Dette gjelder støyp av den eine kantdragaren. Prosessen blir gjenteken når dei skal ta den andre sida. Som blir litt seinare ut på vinteren.
 

v/ Nedrehagen, 

byggeleiar bruvedlikehald
infrastruktur og veg
Vedlikehald Bru & Kai

Vestland fylkeskommune

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.