Nasjonal dag for fallførebygging 29. april
FALL KAN FØREBYGGJAST!
Onsdag 29. april markerast den nasjonale dagen for fallførebygging for eldre i Norge. Dagen er eit initiativ frå Helsedirektoratet og skal bidra til å spreie og ta i bruk dei nasjonale råda om fallførebygging for eldre, som blei publisert i 2024.
Kvifor er dette viktig?
- Fall er den hyppigaste ulukka hos eldre.
- Fall kan førebyggjast gjennom identifisering, vurdering og tidlege tiltak slik at eldre kan vere sjølvstendige så lenge som mogleg.

Slik blir dagen markert i Kvam:
Ergo- og fysioterapitenesta kan treffast på:
- Tunet i Øystese onsdag 29. april kl 9:30-11:30
- Torget i Norheimsund onsdag 29. april kl 12:00-14:00
- Me kjem attende med info. om evt markering i Ålvik og Strandebarm.
Det blir tilgjengeleg informasjonsmateriell på dei fysikalske institutta og legekontora.
Dersom du ønsker meir info kan du lesa meir her:
Ny nasjonal dag for fallforebygging 29. april: – Sammen kan vi forebygge fall med enkle grep - Nasjonalt senter for aldring og helse
Sist endra 27.04.2026 15:27