Kvam formannskap si tilråding ligg ute til offentleg ettersyn fram til Kvam heradsstyre sitt møte 12.12.2024.
Kvam formannskap handsama sak 101/24 Kvam herad - budsjett 2025 i sitt møte 27.11.2024. Det vart fremja tre budsjettframlegg i møtet. Eit frå Kvam Senterparti, eit frå Kvam Høgre og eit fellesframlegg frå partia: Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, og Kristeleg Folkeparti(Fleirtalskonstellasjonen). Fellesframlegget frå fleirtalskonstellasjonen vart vedteke med 5 røyster. Senterpartiet sitt framlegg fekk 1 røyst (frå SP). Høgre sitt framlegg fekk 3 røyster (Høgre 2 og SV 1).
Du finn tilrådinga frå Kvam formannskap til saka 101/24 budsjett 2025 og økonomiplan for 2025- 2028 ved å gå inn på denne lenkja: Tilråding frå FSK 27.11.2024 Budsjett 2025 og økonomiplan 2025 til 2028. (PDF, 255 kB)
Kvam formannskap handsama også sak 102/24 om forskrift om eigedomsskatt for Kvam herad 2025 og sak 103/24 Prisar og gebyr i sitt møte.
Du finn tilrådinga til sak 102/24 ved å gå inn på denne lenkja: (PDF, 91 kB)FSK 27.11.2024. Tilråding. Forskrift for eigedomsskatt for Kvam herad 2025 (PDF, 65 kB)
Tilrådinga frå formannskapet i sak 103/24 Prisar og gebyr finn du ved å gå inn på denne lenkja her: Tilråding FSK 27.11.2024 Sak 103/24 Prisar og gebyr 2025. (PDF, 13 kB)
Rådmannen sitt framlegg til vedtak i dei ulike sakene finn du ved å gå inn på desse lenkjene her:
Har du innspel til saka budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028?
Eventuelle innspell til budsjett 2025 og økonomiplan 2025- 2028 blir registrert på saka, men ikkje svara ut. Dersom du ønskjer å senda inn innspel, så kan du senda dette inn per e-post til: postmottak@kvam.kommune.no
Merk e-post med: Innspel budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028.