Ferieoversikt for helsetenestene i Kvam

Legekontor, helsestasjon, fysioterapi og ergoterapeut har noko endra opningstider i ferien

Ferieoversikt for helsetenestene i Kvam

Legekontor, helsestasjon, fysioterapi og ergoterapi har noko endra opningstider i ferien.

Sommarlegekontor

Det vert sommarlegekontor ved Norheimsund legekontor, Sandvenvegen 35 i veke 29 og 30 (13.07-24.07)

Legekontora i kommunen er stengde for vanlege legetimar då. Ein har berre akuttimar tilgjengeleg desse to vekene.

Opningstider er mellom kl. 08.30-15.30

Telefonen er open mellom kl. 08.30-11.30 og 13.00-15.00 på telefonnummer 56553940

Strandebarm legekontor er stengt i veke 27-32

Helsebanken er stengt i veke 29-30

 

Helsestasjon

Helsestasjonen er open i heile sommar. Tenestetorget har kontaktinformasjon; ring  tlf. 56553000. Ta kontakt med dei dersom du treng namn og telefonnummer.

Helsestasjon for ungdom ( HFU) vert stengt i veke 28-31.

 

Fysioterapi og Ergoterapi

Hardangerbadet fysioterapi: Ope heile sommaren

Hardanger fysioterapi: Ope heile sommaren

Norheimsund fysioterapi: Ferie f.o.m veke 30 t.o.m veke 33

Strandebarm fysioterapi: Ferie f.o.m veke 29 t.o.m veke 31

Fysioterapi for eldre/vaksne: Ope heile sommaren

Ergoterapi: ferie f.o.m veke 26  t.o.m veke 29

Barnefysioterapi: Ferie f.o.m veke 30 t.o.m veke 32

NB! Me oppmodar elles alle om å ha på plass reseptar for sine daglege medikament før sommaren. Me vil også informera om at måndag i veke 31 kan ein forventa lang ventetid på telefonen, då det har vore veldig pågang på telefonen denne dagen. 

 

Norheimsund legekontor
Telefon 56 55 39 40

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.