Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Aktivitetstilbod for kreftråka i Kvam

Fysisk aktivitet er viktig for god helse, og kan særleg vera til hjelp for deg som har vore i eller er i kreftbehandling.

Bilde frå treningsgruppe i Kvam - Klikk for stort bilete

Kva?

Trygg og tilrettelagd trening for å meistra kvardagen med og etter kreft. 

Jamn fysisk aktivitet ein viktig del av rehabiliteringa, og kan bidra til å redusera biverknader som fylgje av sjukdom og behandling.

Me legg stor vekt på sosialt samvær og prat. Etter treninga vert me verande ein ekstra halvtime om du ynskjer ein kaffikopp eller prat.

Bord med kaffikoppar og frukt - Klikk for stort bilete


Kvar?

Norheimsund fysioterapi treningssal
Sandvenhagen 18A
5600 Norheimsund


Når?

Kvar onsdag kl. 11 til 12 (sosialt til 12.30)


Påmelding

Det er løpande påmelding til aktivitetstilbodet. Ta gjerne kontakt med eingong.


Ved påmelding vert det gjort avtale om individuelle samtaler før oppstart av gruppa for best mogeleg tilrettelegging for kvar einskild deltakar. Du får ditt eige tilpassa treningsopplegg. Du kan vera både i behandling eller ferdig med behandling.

trening på bozuball - Klikk for stort bilete


Pris

Eigenandel ved trening i gruppe går under Helfotakst og er 105,- per gong.


Ta kontakt og meld deg på til:
Ann Katrin Tlf. 911 73 578

eller

Marit Tlf. 906 79 853

På denne lenka finn du brosjyre for tilbodet - blir betre  kjend med arrangørane! (PDF, 3 MB)

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.