
Program for Norheimsund, Vikøy og Steinsdalen
07:00 Salutt. Morgonprosesjon frå Tolo til Grova Norheimsund Musikklag spelar
08:00 Norheimsund Speidargruppe heiser flagget
09:00 Elevar frå 7. klasse legg krans ved Fossen Bratte
10:00 Kransepålegging v/Jarle Storli ved Vikøy kyrkje Mette Solli Fonneland spelar
10:15 Kransepålegging v/Borghild Storaas Ones på Straumhaugen
Norheimsund Skulemusikklag spelar
10:15 Folketoget går frå Steinsdalen til Norheimsund
10:45 Oppstilling til folketog på Kaien
11:00 Folketoget går
12:00 Stemne i Norheimsund idrettshall. Tale ved Sigbjørn Linga
11:00–14:30 Sal av mat
13:00–14:30 Leikar for små og store på skuleplassen
18:30 Familiefest i Norheimsund bedehus
OPPSTILLING AV FOLKETOGET:
1. Flaggborg 2. Norheimsund Musikklag (går ut av toget ved gamleskulen)
3. Speidarane 4. Norheimsund barnehage 5. Sandven FUS barnehage 6. Norheimsund skule 7. Norheimsund friskule 8. Norheimsund Skulemusikklag 9. Kvam ungdomsskule
10. Steinsdalen Grendalag 11. Ungdomslaget Samhald 12. Norheimsund Røde Kors 13. Norheimsund Idrettslag 14. Fotalaget 15. Norheimsund Indremisjon
16. Norheimsund Grendautval 17. Russen
NB! Noter deg kvar du skal gå i toget.
Elisabeth Tolo
______________________________
Program for Øystese
07:00 Salutt. Øystese Musikklag spelar i Rode 1.
10:00 Barnetoget går frå Øystese skule til Øysteseheimen. Allsong. Barnetoget går ned Rokabrekka til oppsida av Mikkjelsflaten. Helsing til dei eldre v/Oda Øvsthus Kolltveit og Olivia Gjerde. Barnetoget fortset rundt Mikkjelsflaten til Øystese kyrkje.
10:30 Minneord på kyrkjegarden v/Hallgeir Torpe. Kransenedlegging v/ Hallvard Vik og John Skei. Flagghaldarar: Tord Toft og Johan Neteland. Korsong v/ Mannskoret Laudamus.
11:00 Festgudsteneste v/Norunn R. Markhus. Song av Øystese barnekor og mannskoret Laudamus.
12:00 Oppstilling av folketoget. Oppmøte i rundkøyringa ved Fruktlageret.
12.15 Folketoget startar. Ruta går langs fylkesvegen til kaien – attende til Øystesehallen.
13:00 Folkefest i Øystesehallen. Velkomsthelsing ved festleiar Hallgeir Torpe. Tale for dagen v/Stener Kvinnsland. Russetale ved russepresident Victoria Valland.
13:00 Leikar for borna – held fram til ca. kl. 15.
14:00 Feiringa startar på Fykse.
15:00 Feiringa startar på Soldal.
___________________
17. mai i Ålvik
08.00 Flaggheising.
11.00 Ålvik musikklag og Ålvik Skulemusikkorps spelar på pensjonisten
12.00 Kaféen opnar. Sal av varm mat, kaker, is og brus. Leikar for born og vaksne ved Folkets hus og idrettsplassen
14.00 Kransenedlegging og avgang folketog
15.00 Barnedisco (1. - 7. klasse) i gymsalen på skulen
15.00 Folkefest i storsalen på Folkets Hus. Tale for dagen v/Ålvik Liv og Lyst
18.00 Kaféen stengjer
Vel møtt! 17. mai-komitéen
_______________________________
17. mai i Strandebarm
10.30 Gudsteneste i Strandebarm kyrkje
11.15 Minnestund og kransenedlegging ved bautaen. Allsong.
11.30 Folketog: Oppstilling og togavgang til Strandebarm skule.
12.30 Oppstilling i hallen. Allsong. Tørvikbygd musikklag spelar. Barnekoret syng. Bornas tale. Tale for dagen ved fylkesordførar Jon Askeland. Etter talen kiosksal og leikar.
15.30 Premiering, trekking av premiar på loddbok. Presentasjon av årets 9.-klassingar
Arr: 17-mai-komitéen
________________________________
17. mai Tørvikbygd
07.00 Salutt
08.00 Flaggheising
11.00 Oppstilling av 17.mai-pynta køyretøy
12.00 Velkomsthelsing frå leiar i 17. mai-komiteen. Leikar for born og vaksne på skuleplassen. Sal av mat i bedehuset, is og brus på skuleplassen.
13.00 17.mai-løpet for vaksne
13.30 Rebusløp for born 1. -7. klasse
14.30 Folketog
15.00 Stemne i gymsalen. Tale v/Sverre Måkestad. Premieutdeling.
16.00 Kortesje med 17.mai-pynta køyretøy
Vel møtt! 17. mai-komitéen
--------------------------------------------------------
17. mai på Soldal
Tradisjonell feiring på Skogheim frå kl. 15. Kafé og leikar.
Alle velkomne!
-----------------------------------------------------
17. mai på Fykse
Tradisjonell feiring på Fykse kl. 14-18. Songar og program frå kl. 15.
Alle velkomne!
________________________________
Du kan også gå inn på skjerikvam.no for å sjå programmet til 17.mai-komitéane
Har du eit program i Kvam som ikkje er kome med?
Send til conlan@kvam.herad.no
Til lukke med dagen!
Hurra for 17. mai!
