Vikallar.no er lansert

Vi kallar er eit prosjekt som skal fremja dei unike karrierevegane i Hardanger og Voss. Sida skal gjera det lettare å finna draumejobben, byggja nettverk og slå rot her hjå oss.

Både tilflytjarar og verksemder skal få hjelp til å lukkast gjennom tiltak som byggjer fellesskap og vekst.

Nettsida er eit samarbeid mellom Næringshagen i Ullensvang, Hardanger og Voss Næringshage, NAV, Hardangerrådet og kommunane Ullensvang, Voss, Kvam, Ulvik og Eidfjord.

Til vikallar.no

Kva er vikallar.no?

Vikallar.no er ein ny nettportal som skal synleggjera Hardanger og Voss som attraktive stader å bu og arbeida. Her samlar me historier om folk som har flytta hit, jobbtips, informasjon om regionen og livet her – og ikkje minst: ledige stillingar. Målet er å gjeva både tilflytjarar og utflytta som vurderer å koma heim, eit ærleg og inspirerande innblikk i kva regionen har å by på. Portalen er bygd for å kunna brukast i rekrutteringsarbeid – frå generelle kampanjer og bransjeprofileringar til konkrete lysingar og velkomstpakkar til nytilsette. Me vonar at sida kan vera eit sams verkty for alle som ynskjer å bidra til vekst og liv i Hardanger og Voss.

Skjermdump frå vikallar.no - Klikk for stort biletevikallar.no