Vedlikehald på TørvikbygdvegenMåndag 28. april startar fylket med å førebu vedlikehald på eit strekk av fylkesveg 576 Tørvikbygdvegen som har sige ut ved Erdal.Vegskulder og vegbana er på veg til å siga ut i ei lengd på ca. 100 meter. Entreprenør skal gå inn i skjeringa på oppsida og flyttar vegen inn i skråninga slik at vegbana vert liggjande på trygg grunn. Dette arbeidet tek til 5. mai.Eksisterande vegbane vert masseskifta. Dei monterer nytt rekkverk på heile strekket. Det vert montert gjerde på toppen av ny skjering.LysreguleringVegen vert lysregulert. Trafikken kan passera, men det vert stogg i periodar med sprengingsarbeid. Det vert då manuell trafikkdirigering på trygt hald frå arbeidet. Vegen kan verta stengd i periodar på inntil 30 minutter. Sjå oppdatert info på vegvesen.no/trafikkNaudetatar kan passera og stengetider er tilpassa bussrutene.Vegarbeid ved Erdal Publisert av Ole Kristian Grønneng Sist endra 23.04.2025 10:00