Vatningsforbod i Vikøy

Det har over lengre tid vore varmt og tørt vær. Dette fører til stort forbruk av vatn frå drikkevassnettet i Vikøy. Det er difor innført forbod mot vatning i området Vikøy - Vangdal.

Vatningsforbodet gjeld alle abonnentar. Dette er for å sikre tilstrekkeleg kapasitet på drikkevassproduksjonen i Vikøy.
 

Det er ikkje tillate å bruke drikkevatn til vatning av plenar og hagar, bilvask, oppfylling av basseng  eller anna unødvendig vassforbruk.
 

Forbodet gjeld til ny melding vert gjeve. Me ber alle om å respektere forbodet og bidra til å redusera vassforbruket, slik at me sikrar nok vatn til nødvendige behov.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.