TV-aksjonen 2020: digital innsamling


Av smittevernomsyn er årets TV-aksjon heildigital, og alle kan sjølv oppretta sine eigne bøsser via Spleis. Kvam herad si digitale bøsse finn du også derMe vonar enkeltpersonar og næringsliv i Kvam herad har lyst til å gje eit bidrag. Vert med i kampen mot plast i havet! Kvart bidrag nyttar!

Kva går pengane til i år?

Årets TV-aksjon går til WWF (Verdas Naturfond) og skal nyttast til å bekjempa plastureining i havet gjennom å etablera og forbetra eksisterande avfallssystem for meir enn 900.000 menneske. Pengane frå årets aksjon vert øyremerka tiltak i Indonesia, Vietnam, Filippinane og Thailand.

Du kan lesa meir om dette, og om anna knytt til TV-aksjonen på blimed.no.

Pengane som vert samla inn går uavkorta til TV-aksjonen og vert utbetalt direkte til TV-aksjonen sin konto. Sjå kva du kan bidra med til TV-aksjonen