Sykle til jobben 2022!

Kvam herad er i år med på Bedriftsidretten sin "Sykle til jobben"-aksjon. Meld deg på du også!

  

Sykle til jobben-kampanjen handlar om å verta meir aktiv, gjerne saman med andre. Kvam herad er med på kampanjen. Det tyder at det er gratis for deg som bur i kommunen å ta del i landets største aktivitetskampanje. Bur du i ein annan kommune, men har Kvam herad som arbeidsgjevar kan du også delta.

Du kan delta individuelt eller som eit lag på maks fem personar, saman med venar og kollegaer, og slik ta del i trekninga av syklar, turar og treningsutstyr. I Kvam vert det også delt ut kinobillettar på Kvam kino som premie: to billettar kvar 14. dag gjennom kampanjeperioden. 

Kampanjen startar 19. april, men du kan allereie melda deg på! Og hugs: det handlar ikkje berre om sykling til jobben, men om fysisk aktivitet generelt. På skjermbiletet under ser du berre nokre av aktivitetane du kan registrera for å få poeng!

 
Sving innom sykletiljobben.no for meir informasjon.