Sykkelritt Bergen- Voss laurdag 6. juni

Sykkelrittet Bergen-Voss vert arrangert laurdag 6. juni. Dette vil medføra endringar i trafikkmønsteret.

Under sykkelrittet Bergen-Voss laurdag 6. juni må bilistar rekna med køar, mellombelse stengingar og dirigering langs ruta. Det er venta over 2000 syklister i aksjon.

Dei største trafikkpåverknadane langs ruta inkluderer:

  • Kvamskogen og Fv. 49: I perioden mellom kl. 08.00 og 11.30 vil Fv. 49 vera stengt ved Frølandsvatnet for all trafikk mot Norheimsund. Trafikk frå Kvam mot Samnanger vil gå som normalt, medan trafikk frå Samnanger i retning mot Kvam må velja alternativ rute via Fv. 48 og Fv. 576 Tysse-Norheimsund via Mundheim.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.