Det er fire studentar frå Kvam som er med. Samlingane skal vera annankvar gong i Odda og annankvar gong i Kvam det fyrste året.
Roald Aga Haug, ordførar i Ullensvang kommune talar ved studiestart 17. september 2025
HVK studiesenter
Dette er ei samlingsbasert utdanning over fire år med éi digital samling kvar veke. Kommunane har laga gode ordningar for studentane.
– Dette tilbodet er viktig for rekruttering av barnehagelærarar i Kvam. Me får auka kompetansen til tilsette som allereie har erfaring frå arbeid i barnehage og som ynskjer å jobba i barnehage. Dei tilsette får jobba og studera samstundes, seier Ingunn Mo leiar for barnehage i Kvam herad.
Regjeringa har mål om at seksti prosent av alle som jobbar i barnehage skal vera utdanna barnehagelærarar innan 2030. Dette utdanningstilbodet er eit viktig tiltak for å få dette til. Ikkje alle har høve til å vera fulltidsstudentar, og ta opp studielån.
Meir om studiestarten