Kokeanbefaling i Norheimsund og Øystese oppheva

Vassprøvar teke grunna vasslekkasje og trykklaust vassledingsnett er no godkjent og kokeanbefaling er dermed oppheva.

Ved spørsmål kontakt vakt for vatn og avløp på tlf 56553400.

Stengjinga av 2G-netta startar i år

Telenor og Telia skal sløkkja sine 2G-nett. Telia stengjer nettet sitt innan utgangen av 2025. Telenor startar stenginga ved utgangen av 2027. 

Etter at verksemdene har stengt 2G-nettet kjem det ikkje til å vera 2G-dekning i Noreg. Dei frigjorde 2G-frekvensane skal kunna brukast i 4G- og 5G-netta. 

Konsekvensar av 2G-sløkkjinga

Overgangen fra 2G-nett til 4G/5G medfører at utstyr som treng 2G sluttar å virka. Det er framleis leverandørar som leverer utstyr som treng 2G-nett. Det er med di fåre for at utstyr som tidligere har fungert, sluttar å virka. 

Dette kan vera utstyr som

  • mobiltelefonar for eldre
  • ring-hytta-varm
  • overvakingssystem
  • viltkamera
  • grasklipparar


Meir om 2G-sløkkjinga på byttnettna.no

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.