Sommarferieprogrammet til Ung Fritid i veke 33!

 Me kan tilby mange kjekke aktivitetar for aldersgruppa 11-18 år, og nokon for heile familien. Alle aktivitetar er gratis.

Gjeld veke 33: 

  • Baking til Bygdaskoi og familieturen til Mikkelparken er fullteikna
  • Påmeldingsskjemaet til dei andre aktivitetane er ope i sommar
  • Det vert sendt ut stadfesting i veke 32 på om ein får plass i veke 33

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ung Fritid sine sommaraktivitetar i 2026 er eit samarbeid mellom Kvam herad ( med støtte frå Buf-dir), Grannehjelpa (med støtte frå Gjensidigestiftelsen) og lag og organisasjonar i Kvam.

Påmeldingsskjema finn du her!  

Det er avgrensa tal plassar, så “førstemann til mølla”-prinsippet gjeld. 

 

Kontaktpersonar ( mellom kl. 8-16 i vekedagane): 

Kristin Lundblad krisve@kvam.kommune.no 995 14 810

Monika Krutå Solberg monjoh@kvam.kommune.no 920 83 998.

 

Velkomen til ei innhaldsrik ferieveke med aktivitetar, opplevingar og fellesskap!   Påmeldinga opnar 18.juni.

Veke 33

• Tysdag 11. august – Familietur til Mikkelparken kl. 9.30-18 FULLT!

• Onsdag 12. august – Paintball i Fana for ungdom kl. 14.30-21. Fødd i 2011 og eldre. 

• Torsdag 13. august – Megazone: Lazertag og Fangene på Fortet, kl. 10.30-16.30. Fødd i 2011 og eldre

• Torsdag 13. august – Baking til BYGDASKOI på Kvam ungdomsskule kl. 10-14. Fødd 2015 og eldre. FULLT!

• Fredag 14. august – BYGDASKOI ( meir informasjon kjem)

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.