Sommarferieprogrammet til Ung Fritid er klart!

No er påmeldinga til Ung Fritid sine sommartilbod i vekene 26, 27 og 33 opna ! Me kan tilby mange kjekke aktivitetar for aldersgruppa 11-18 år, og nokon for heile familien. Alle aktivitetar er gratis.

 

 

 

 

 

 

 

 

Ung Fritid sine sommaraktivitetar i 2026 er eit samarbeid mellom Kvam herad ( med støtte frå Buf-dir), Grannehjelpa (med støtte frå Gjensidigestiftelsen) og lag og organisasjonar i Kvam.

Påmeldingsskjema finn du her!

Det er avgrensa tal plassar, så “førstemann til mølla”-prinsippet gjeld. 

 

Kontaktpersonar ( mellom kl. 8-16 i vekedagane): 

Kristin Lundblad krisve@kvam.kommune.no 995 14 810

Monika Krutå Solberg monjoh@kvam.kommune.no 920 83 998.

 

 

Velkomen til tre innhaldsrike ferieveker med aktivitetar, opplevingar og fellesskap!   Påmeldinga opnar 18.juni.

Veke 26

• Tysdag 23. juni – Paintball i Fana, klokka 11-18. Inkludert lunsj. Fødd 2015 og eldre. 

• Onsdag 24. juni – Kunst i Kabuso kl. 10-14. Fødd 2015 og eldre. Inkludert lunsj. Fødd 2015 og eldre. 

• Onsdag 24. juni – Fiske i Fitjadalen kl. 09.30–14.30.  Inkludert lunsj. Fødd 2015 og eldre.

• Torsdag 25. juni – Familiedag i Holmsund med grilling og aktivitetar, kl. 11-15

• Fredag 26. juni – Skyland Trampolinepark kl.13-19. Inkludert mat. Fødd 2015 og eldre.

 

Veke 27

• Tysdag 30. juni – Familietur til Mikkelparken kl. 9.30-18

• Tysdag 30. juni – Fisketur med Vikingskipet Tyra kl. 10-14. Inkludert lunsj. Fødd 2015 og eldre.

• Tysdag 30. juni–3. juli – Tur til Tråastølen på Hardangervidda, frå 13 år

• Onsdag 1. juli – Bakekurs med Helle frå Bakemesterskapet kl. 10.00–13.30.  Inkludert lunsj. Fødd 2015 og eldre.

• Onsdag 1. juli – Frisbeegolfkurs i Tolomarka kl. 18-20. Fødd 2015 og eldre.

• Torsdag 2. juli – Bakekurs med Helle frå Bakemesterskapet kl. 10.00–13.30. Inkludert lunsj. Fødd 2015 og eldre.

• Torsdag 2. juli – Frisbeegolfkurs i Tolomarka kl. 18-20. Fødd 2015 og eldre.

 

Veke 33

• Tysdag 11. august – Familietur til Mikkelparken kl. 9.30-18

• Onsdag 12. august – Paintball i Fana for ungdom kl. 14.30-21. Fødd i 2011 og eldre. 

• Torsdag 13. august – Megazone: Lazertag og Fangene på Fortet, kl. 10.30-16.30. Fødd i 2011 og eldre

• Torsdag 13. august – Baking til BYGDASKOI på Kvam ungdomsskule kl. 10-14. Fødd 2015 og eldre.

• Fredag 14. august – BYGDASKOI ( meir informasjon kjem)

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.