Snakk med oss på Vårkjeta!
Kva meiner du at det er viktig at me utviklar, tek vare på og gjer mindre av i Kvam fram mot 2040? Kom og fortel oss om det på Vårkjeta i Øystese laurdag 9. mai.
Kommunen arbeider med ny samfunnsdel til kommuneplanen og ønsker innspel frå innbyggjarane i Kvam til kva som er viktig for kvemmingane. På laurdag er Heidi Ørjansen (leiar for samfunnsutvikling) og Ingunn Hildonen Teigland (tenesteutviklar) på Vårkjeta i Øystese for å snakka med folk om samfunnsdelen. Det er kjekt om mange tek turen bortom for å fortelja kva ein set pris på med Kvam og kva som er mindre stas.
Heidi Ørjansen og Ingunn Hildonen Teigland er med på Vårkjeta i Øystese på laurdag 9. mai for å prata med folk om samfunnsdelen.
Publisert av Ingunn Hildonen Teigland
Sist endra 06.05.2026 10:09