Samfunnsdelelen i kommuneplanen – oppstart og høyring

Kvam herad legg planprogram for samfunnsdelen i kommuneplanen på høyring,  samtundes melder me om oppstart av ny samfunnsdel for Kvam herad.

Planprogrammet finn du her: Planprogram til høyring.

Høyringsfrist: 25. august2025

Kvam formannskap gjorde følgjande vedtak:

Kvam heradsstyre legg planprogram for kommuneplanen sin samfunnsdel ut på høyring med følgjande tillegg:
I framdrift og fristar vert det eit arbeidsmøte i heradsstyret oktober 2025, etter vedteke planprogram, men før administrasjonen startar skrivearbeidet med samfunnsdelen. Dette for å sikra høve til å setja kursen tidleg i prosessen. Så skal tidsfristar vidare endrast, slik at kommuneplanen sin arealdel vert vedteken i oktobermøtet 2027. Siste møte i heradsstyreperioden.

 

Innspel sender du til 

postmottak@kvam.kommune.no

eller

Kvam herad
Grovagjelet 16
5600 Norheimsund

Det er og høve til å levere innspel på rådhuset.