Renovasjon - No får du fleire spann til kjeldesortering - Nettsider for Kvam herad

Renovasjon - No får du fleire spann til kjeldesortering

BIR startar no utdeling av nye spann til hushald i Kvam for glas- og metallemballasje, og for matavfall til dei som ikkje allereie har dette. Henting av kjeldesortert avfall er inkludert i renovasjonsgebyret.

Foto: Thor Brødreskift

 

 

 

 

 

 

 

 

Utdelinga startar i slutten av april, og alle skal etter planen ha fått spanna sine innan sommaren. Du får SMS-varsel frå BIR i forkant, og spanna blir sette ut der restavfallsspannet ditt blir tømt.

Endringane kjem som følgje av nye nasjonale krav, med mål om å auke materialgjenvinninga. Over halvparten av det som i dag går i restavfallet, kan sorterast ut, og erfaringar viser at både mengda og kvaliteten aukar når avfallet blir henta heime.

 

Kompostering og deling

Dersom du allereie komposterer heile året, kan du melde frå til BIR at du ikkje treng matavfallsspann. Det er også mogleg å dele spann med naboar dersom de bur nær kvarandre. Du finn innmeldingsskjema for dette og detaljar om ordninga på bir.no/fleire-spann.

 

Spørsmål?

Du kan kontakte BIR sitt kundesenter, eller finne svar på de vanligste spørsmåla på bir.no/svar.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.