Rein Hardangerfjord 17. september

Den 17. september vert det stor ryddeaksjon i Hardangerfjorden i regi av Framtidshavet.

Dette er verdas største strandryddeaksjon. Ryddinga er viktig for folket og folkehelsa i fjorden, for merkevaren Hardangerfjorden og for å bygga felles kultur, skriv prosjektgruppa for Rein Hardangerfjord på nettsida si.

annonse for rein hardangerfjord - Klikk for stort bilete

 

«Me ryddar fjorden for miljøet sin del – for å gjere den reinare, meir berekraftig, og levedyktig» sitat Framtidshavet.

Det er kommunar langs heile Hardangerfjorden som er med i prosjektet – frå innerst i Ulvik og Eidfjord, til ytterst i Sveio og på Bømlo.

No har du sjansen til å bidra i lag med andre.

Meir informasjon finn du på nettsida til Framtidshavet.

Kor finn de utstyr og container?

  • Utanfor rådhuset sin inngang ligg det utstyr til ryddeaksjonen: hanskar, bossposar og bigbags
  • På kommunen sitt område på Sandven vil det stå ein containar der avfall frå ryddeaksjonen kan deponerast.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.