
Saksutgreiing
Gjeldande kommunedelplan for Kvamskogen skal rullerast.
- Framlegg til ny plan opprettheld og forsterkar prinsippet om fortetting.
Ein del byggjeområde som ligg utanfor dagens utbygde område vert foreslått gjort om til landbruk, natur- og friluftsområde. Med fortetting og god utnytting av sentrumsarealet vil det likevel vera god tilgang på areal til utbygging.
- Skiløypenettet er sikra og planen legg opp til at arbeidet med å utvida låglandsløypa kan halda fram.
- Rekkjefylgjekravet knytt til tiltak for mjuke trafikantar er tilpassa dagens situasjon.
- Planen inneheld føringar som sikrar omsyn til naturfare.
- Naturmangfald er kartlagd og viktige naturtypar er vist med omsynssone i planen.
Myr er eit viktig tema og vert ivaretatt gjennom føresegnene og gjennom prinsippet om å konsentrera vidare utbygging til område som allereie er etablert med fritidsbustader, vegar og annan infrastruktur slik at urørte område kan bevarast.
Planprosessen har opna for innspel frå dei med interesser på Kvamskogen gjennom
innspelsrunde, møte og ein eigen Kvamskogkonferanse. No er planen klar for høyring der
alle som ynskjer det kan koma med sine synspunkt på den foreslåtte arealbruken
abo plan og arkitektur
Vegen vidare
Dersom politikararne vedtar å leggja ut på planframlegget på høyring vert dette kunngjort i m.a. HF og på heradet sine heimesider. Alle dokumenta er då tilgjengelege og dei som ynskjer det kan koma med sine synspunkt på framlegget til plan. Også offentlege myndigheiter vert invitert til å koma med sine synspunkt på planen.
Fristen vert sett til minimum 6 veker.
Når alle innspel er mottatt vert desse vurdert og det vert gjennomført evt. avklaringsmøte før planen kjem opp til endeleg handsaming i Heradsstyret.
Aktuelle lenkjer
