Programmet for ungdomskonferansen er klart

Etter som Kvam herad vart årets ungdomskommune i 2023, har me fått det ærefulle oppdraget å skipa til Ungdomskonferansen 2025 i Kvam i september saman med Bufdir.

Årets ungdomskonferanse kjem til Øystese 21.–23. september. Ungdomskonferansen er ein nasjonal arena for læring og erfaringsutveksling mellom ungdomsrådsmedlemmer og dei som jobbar for og med ungdom i kommunane. 

– Det vert flott å sjå bygda fyllt av so mange kjekke ungdomar frå heile landet. Dei kjem hit for å læra meir om demokrati og medverknad. I Kvam har me hatt ungdomsråd sidan 2001. Det viktig at ungdomsrøysta vert høyrd i lokalpolitikken. Eg vonar ungdomane får gode og lærerike dagar i Kvam, og so skal me syta for at dei får rikelege med eple, eplesaft og utsikt til fjord og fonn, seier prosjektleiar for ungdomskonferansen Ingunn Hildonen Teigland.

Det kjem det mange tilreisande, og det vert meir trafikk enn vanleg i Øystese og Norheimsund. Dei tilreisande kjem til å overnatta på Thon Hotel Sandven og Harndangerfjord Hotel.

Sjå programmet til ungdomskonferansen

 Ungdomskonferansen kjem til å ha program i Øystesehallen, Holmatun og Hardangerfjord Hotel.