Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Offentleg ettersyn: Val av meddommarar til domstolane, skjønns- og forliksrådsmedlemar

Framlegg på meddommarar til Gulating lagmannsrett, Hordaland tingrett, jordskifteretten, skjønnsmedlem og forliksrådsmedlemer for valperioden 1.1.2025 - 31.12.2028 ligg no ute til offentleg ettersyn til og med 18.juni 2024. 

Kvam valnemnd har i møte 29.05.2024 utarbeidd framlegg på meddommarar til Gulating lagmannsrett, Hordaland tingrett, jordskifteretten, skjønnsmedlem og forliksrådsmedlemar for perioden 01.01.2025 t.o.m. 31.12.2028.

Framlegget ligg til offentleg ettersyn frå 31. mai til og med 18. juni 2024. 

Du finn lista over personar som er tilrådd ved å gå inn på denne lenkja her: Liste over personar som er tilrådd (PDF, 194 kB)

Eventuelle merknadar må sendast Kvam herad innan 18. juni 2024 per e-post: postmottak@kvam.kommune.no eller per post: Kvam herad v/ Kari Weltzien Vik, Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund. Merk sendinga med overskrifta: Merknad til VALN 29.5.2024 sitt framlegg ref.sak.: 23/3557

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.