Etter utsending av lønsslippene for august 2026 vart Kvam herad gjort merksam på at nokre tilsette har motteke andre lønsmottakarar si lønsslipp, anten heile lønsslippen, eller delar av andre si lønslipp. Hendinga er berre knytt til dei som mottek lønsslippen digitalt gjennom Altinn/Digipost/e-boks, og då berre nokre få av desse.
Kvam herad tek saka på største alvor, og har jobba tett med leverandør for å avdekka årsaka til at dette kunne skje.
Det er viktig å understreka at feilen ikkje skuldast hacking eller datainnbrot frå eksterne aktørar.
Førebelse undersøkingar tyder på at
- berre lønsmottakarar som skal motta lønsslippen i Altinn*/Digipost/e-boks kan vera råka - dei som mottek den på kommunal e-postadresse er ikkje råka
- totalt tal råka er førebels rekna til å vera under 30 lønsmottakarar
* Dei som mottek lønslippen i Altinn vil få den sendt i vanleg brev automatisk dersom sendinga ikkje er opna i altinn innan to dagar.
Kvam herad jobbar med å identifisera dei som er råka av hendinga, og har allerede sendt brev til dei som ein har identifisert. Dette arbeidet vil ein halda fram med inntil alle dei råka er informert.
Hendinga er meldt til Datatilsynet.
Om du har spørsmål knytt til dette kan du ta kontakt med IT-leiar Hans Christian Berstad, tlf 970 63525 eller HR-rådgjevar Tore Tellevik, tlf 948 18381.