Dei fleste barn og unge i Kvam trivst på skulen. Likevel kan det oppstå situasjonar der det vert vanskeleg å koma på skulen. Kvar dag og kvar time tel, og det er viktig å koma tidleg i gang med å forstå og gjera noko med det som er strevsamt.
Ofte skal det enkle grep til for å finna løysingar som gjer det enklare for eleven. Kvam herad sin plan for førebygging og oppfølging av urovekkjande skulefråvær forklarer korleis eleven, skulen og heimen saman kan finna trygge og meiningsfulle skulekvardagar.
Sterke fellesskap fremjar skuletrivsel. Teikning frå oppvekstplanen.
Planen kan lesast her: Førebygging og oppfølging av urovekkjande skulefråvær
Planen er evaluert og friska opp no i vår. Han er bygd opp kring BTI-modellen, som ein kan seia er grunnoppskrifta på korleis me skal handtera uro for om eit barn eller ein ungdom har det bra.
Illustrasjon av BTI-modellen med dei ulike nivåa.