Kvam vidaregåande skule og kulturhus er offisielt opna.

Fredag 30. og laurdag 31. januar var dagar for feiring av det nye samarbeidsbygget mellom Kvam herad og Vestland fylkeskommune.

Snorklipping ved ordførarar i Kvam herad og Vestland fylkeskommune - Klikk for stort bilete

 

Offisiell opning Vestland fylkeskommune og Kvam herad

Fredag var det offisiell opning med nøkkelseremoni, snorklipping, talar og helsingar, samt kulturelle innslag på Kvam vgs og kulturhus. – Dette er den flottaste skulen, kulturhus og bibliotek i landet. Dette blir storstova i bygda, kunne me høyra frå fylkesordførar Jon Askeland. Han hadde attpåtil med seg ei helsing frå sjølvaste Jon Fosse. "Det var der eg lærte mest og best i livet. Øystese gymnas var ein solid nynorskbastion, og det vonar eg at den nye vidaregåande skulen òg kjem til å verta» skreiv Jon Fosse mellom anna i helsinga. 

Dei kulturelle innslaga var det Sondre Fagerheim Lunestad og Tormod McCorkle som stod for, dei underheldt med gitar og fløyte.

Kulturelt innslag - Klikk for stort bileteSondre Fagerheim Lunestad og Tormod McCorkle

Rådmannen sin tale

Tenk at me kan feira her i dag, over eit år tidlegare enn planen! Ja, no har fylkeskommunen mykje meir erfaring med slike byggeprosjekt enn oss i Kvam herad, men eg har inntrykk av at det er få offentlege prosjekt som vert flytta inn i tidlegare enn planlagt. Men her er me altså, i eit prosjekt der investeringsramma vart flytta fram i tid, deretter vart flytteprosessen tidlegare enn tenkt, og så vart jammen opningsfesten framskunda og. Tusen takk til politikarar i både Kvam herad og Vestland fylkeskommune som har sett potensialet i dette prosjektet, løyvd rammer og opna for å flytta det fram i tid.

På overtid

For samtidig var det på overtid. På overtid å få samla elevar og tilsette, både for dei to vidaregåande linjene og å få vaksenopplæringa tettare på skulen igjen. På overtid å få samla kulturaktivitetane i ein ny dynamisk sameksistens med elevar, tilsette, innbyggjarar og besøkjande. På overtid å få vidareutvikla sentrum av regionsenteret og skapa ein ny arena for formelle og uformelle møteplassar. Og på overtid å flytta tenestene tettare saman og tettare på folkelivet.

Og me har fått eit fantastisk bygg som er laga for at me skal kunne samlast, med god plass og god takhøgda. Med flyt i bygget, der gamalt og nytt heng saman og dannar ringar av areal det er godt å opphalda seg i. Utanfor bygget er Norheimsund sentrum opna opp og viser seg fram på ein heilt ny måte. Me gler oss til ein ny vår og til å sjå kva som vil veksa fram både av planter og aktivitetar.

Kvammastemma

Men no kjenner eg mi indre kvammastemma pressar seg fram. Sjølv på ein høgtidsdag som dette, er kvemmingen klar til å peika på det som ikkje har gått etter planen. Og ja, noko er det sjølvsagt. Her har vore mange ulike nasjonalitetar og kulturar involvert i prosjektet. Å få eigedomsfolka i fylket til å forstå bygdekulturen og ta inn over seg omfang og størrelse på traktorar og ATV-ar og behovet for parkeringsplassar, viste seg fånyttes. Så her måtte kommunen og næringslivet setja i gang eigne parkeringsplass-prosjekt for å løysa opp i kaoset.

Størst utfordring skapa likevel andre samarbeidspartar sitt møte med nynorsken. Både Vestland fylkeskommune og Kvam herad er stolte og premierte nynorskkommunar. Me var klare heilt frå starten ovanfor entreprenørane om at me sette oss høge mål for prosjektet. Dessverre vart dette omsett og tolka til at me bestilte store mengder med høymola, som i Kvam vert rekna som eit uvelkome ugras.

Noko står det også igjen på leveringslista og her er framleis ting som skal skaffast og justerast, ting som er på som skal vera av, og ting som er av som skal vera på. Kvar dag ser det likevel ut til at me tek to nye steg fram, og kanskje eit tilbake, og stadig meir kjem på plass i eit konstruktivt og løysingsorientert samarbeid.

Tusen takk

Og det er på høg tid å starta med å takka for samarbeidet i dette prosjektet om eg skal rekkja alt innanfor mi taletid. Det har vore veldig interessant, og ei stor gleda og ei lett oppgåva å få vera med i prosjektprosessen frå start, i jury og i styringsgruppa med fylkeskommunen. Her har vore engasjerte, erfarne og flinke folk. Prosjektleiarane Gunnar og Bjarte har funne gode løysingar på det meste saman med entreprenøren, slik at styringsgruppa sin jobb i stor grad har vore å ta ting til vitande. Særleg gledeleg er det at HMS-arbeidet har vorte teke på alvor, og lukkast så bra.

Tusen takk for kompetanse, engasjement og tolmod - må eg helsa til eigne tilsette og. Mens den ordinære drifta må haldast i, har de stått på ekstra for å ha tid til store og små avgjersler, pakking, flytting og å koma i orden i det nye sambuarskapet.

Samarbeid og sambuarskap

Og tusen takk for samarbeidet til den nye sambuaren vår, Kvam VGS, med rektor i spissen. Alle partar har vore åleinebuarar, og held no på å finna ut korleis me skal forma dette sambuarskapet med mine og dine elevar og mine og dine brukarar, og korleis me saman skal skapa ein kultur for vårt og våre. Og korleis me skal finna plass til alle dei som har lyst til å koma på besøk. Særleg til denne kjekke salen her, som kan husa eit mangfald av aktivitetar når me får dei siste bitane på plass. Me går ei spennande tid i møte med stort potensiale for å utvikla eksisterande og nye samarbeid.

Tusen takk for engasjement, innsats og samarbeid så langt, og gratulera så mykje med dagen til oss alle! 

 

 

Open dag med offisiell opning av Kvam kino og Kvam bibliotek

Laurdag var det opent for alle som ville, med omvising på skulen, kinosalen og biblioteket. Ei gruppe frå Norheimsund musikklag spelte fram rette feststemninga og Ordføraren stod for offisiell opning av fyrst biblioteket og deretter kinoen. 

Kinoen hadde to kinoframsyningar denne dagen Flåklypa- fra Paris til pyramidene. - utseld begge to.  Billett eller éi, det var gratis popkorn til alle som kom, og eit lukkehjul du kunne testa lukka på om du ville det. Kinoen delte ut gamle kinoplakatar om gutterommet eller TV-stova mangla litt dekor. 

Mellom kinoframsyningange var det utdeling av fagbrev v/Handalag opplæringskontor.

I biblioteket var det teaterframsyning med Ulla Krulle og krøll på tråden for både foreldre, barn og andre. 

______________

Velkomen innom Kvam vidaregåande skule og kulturhus du også!

Sjå Kvam bibliotek for deira opningstider.

Sjå Kvam kino for kommande filmframsyningar.

 

kvam herad rose - Klikk for stort bilete

 

Sjå under for bildekarusell frå opning og open dag.

bilde frå omvising på verkstaden - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Les artikkel frå opninga på Vestland fylkeskommune sin nettstad her.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.