Elevane ved ungdomstrinnet ved Strandebarm skule, Kvam ungdomsskule og Kvam vidaregåande skule vert inviterte til å delta i studien, der ungdomar i rundt 60 norske kommunar skal svara på korleis dei gjer seg nytte av aktivitetstilbod i kvardagen.
Norges idrettshøgskole (NIH) samlar denne hausten inn data til studien «Kommunen i bevegelse» (KiB). Målet med studien er å dokumentera i kva grad kroppsøvingsfaget, den organiserte idretten i tillegg til andre organiserte og sjølvorganiserte tilbod i norske kommunar vert opplevde som meiningsfulle og nyttige ressursar i alle ungdomar sin oppvekstkvardag. Skular/kommunar som deltek i studien vil få lokalbaserte analysar som viser korleis kroppsøvingsfaget og andre aktivitetstilbod i kommunen «verkar» på ungdomane våre i alderen 12 til 19 år og kva me kan gjera for å utvikla eit tilbod som fremjar fleire og meir robuste unge med lokal identitet.
Alle elevane vert inviterte til å delta ved å svara på undersøkinga. For å få eit godt bilde på korleis ungdom opplever aktivitetstilbod, er det viktig at så mange elevar som mogleg deltek.
Undersøkinga vert gjennomført på skulane i veke 38-40. Data skal samlast inn gjennom eit digitalt spørjeskjema og datainnsamling vil skje i skuletida. Studien krev samtykke frå føresette til elevar under 16 år. Det vert sendt ut samtykkeskjema til elevar i grunnskulen via Transponder i forkant.
For meir informasjon om forskingsprosjektet, les meir på Norges idrettshøgskole si nettside: Kommuner i bevegelse (KiB)