Tunellen bør ha eit namn tilknytt stadnamn ved munningane eller eit fjellparti over tunellen. Om ei uynskt hending eller ein naudsituasjon oppstår i eller i nærleiken av tunellen, vert det slik enklare for naudetatane å skjøna kvar hendinga er.
Namnet på tunellen
- kan vera utleidd av lokale, nedervde stadnamn og tradisjonelt ordtilfang på staden
- kan ha utgangspunkt i eksisterande stadnamn som tunellen passerer
- kan vera namn som er nytta tidlegare i planprosessen
- bør vera korte namn eller namn som er enkle å kjenna att
- bør ikkje kunna forvekslast med andre objekt med same namn
- Vestland fylkeskommune skal som hovudregel bruka endinga -tunell.
Sende inn forslag til namn på tunellen innan 23. september 2025 til postmottak@kvam.herad.no. Merk e-posten med sak 25/3744. Du må gjerne gjeva ei kort grunngjeving til framlegget
Snauhaugtunnelen
Øyvind Strømmen
Om gangen vidare
Etter lov om stadnamn er det fylkeskommunen som gjer vedtak om skrivemåten av namn på fylkeskommunale anlegg og liknande. I delegasjonsreglement for Vestland fylkeskommune har fylkesutvalet fått delegert fullmakt til å gjera vedtak om skrivemåten av namn på fylkeskommunale vegar, anlegg og liknande.
Når kommunane har sendt inn framlegg til namn på tunellen, kjem Vestland fylke til å gå gjennom framlegga. Etterpå er
det kommunane som har ansvaret for å kunngjera at det er reist namnesak og har ansvaret for å senda saka på høyring til aktuelle uttalepartar. Etter høyringsperioden sender kommunane saka til Stadnamntenesta for uttale.
Vidare går saka til Hovudutval for samferdsel og mobilitet i Vestland fylkeskommune som gjer innstilling til vedtak. Fylkesutvalet fattar så vedtak i saka. Etter førehaving i utvala, skal kommunane kunngjera vedtaket. Deretter sender Vestland fylkeskommune vedtaket til Statens kartverk.