
Kvam er vertskapskommune for ungdomskonferansen fordi me i 2023 vart kåra til årets ungdomskommune. Prisen fekk me for å ha eit sterkt og velfungerande ungdomsråd og for å ha eit målretta arbeid på fritidsfeltet. På måndag vil barne- og familieminister Lene Vågslid dela ut prisen for årets ungdomskommune 2025 under den offisielle opninga av konferansen i Øystesehallen. Dei tre nominerte kommunane er:
- Modalen
- Haugesund
- Kristansand
Du kan lesa meir om årets ungdomskommune på nettsidene til Bufdir her: Årets ungdomskommune.
Juryen si grunngjeving kan du lesa her! (PDF, 123 kB)
I løpet av dei to åra som ungdomskommune har ungdomsrådet arbeidd med korleis dei kan få til endå meir medverknad og samarbeid mellom ungdomsrådet og dei som dei representerer, altså heile ungdomsgruppa. Dei har utvikla felles rutinar med elevråda i samarbeid med skulane, og dei hadde ulike arrangement i fjor haust for å drøfta og forstå betre funn frå Ungdata-undersøkinga. Dette prosjektet heitte Sterke fellesskap. Ungdomsrådet sin rapport frå Sterke fellesskap kan du lesa her! (PDF, 3 MB)
Konferansen vil vara frå sundag ettermiddag til tysdag 23. september. Det vil vera parallelle seminar på Hardangerfjord hotel, Kabuso og Skummesalen i Øystese. Det kjem altså til å vera mange ungdomar samla i Øystese og delvis i Norheimsund desse dagane.
Ungdomsrådet og dei vaksne som hjelper til ønsker deltakarane velkomne og håpar dei får gode og interessante dagar i Kvam.