Innsyn og publisering av postliste og dokument

For tida opplever vi feil med lenka til postlista til Kvam herad. Leverandøren av innsynsløysinga jobbar med å retta feilen. Inntil feilen er retta kan denne lenka til postlista nyttast:

Lenke til Postlista

…………….

Prinsippet om offentlegheit er grunnleggjande for Kvam herad, og gjev deg rett til innsyn i dei fleste av kommunen sine dokument.

  • Merk at dine brev, dokument, e-postar, notat frå telefonsamtalar osv. kan verte publisert på den offentlege postlista om dei ikkje inneheld informasjon som er unnateke publisering og offentleggjering.

Postliste

Postlista inneheld innkomande og utgåande dokument, notat og vedtak. Kvam herad praktiserer openheit, og publiserer dokumenta i fulltekst. Dette gjeld ikkje dokument som med heimel i lov er unnateke offentlegheit.

I nokre tilfelle vert dokument, sjølv om dei ikkje er unnateke offentlegheit, ikkje publisert. Desse dokumenta er merka med «Ikkje publisert på offentleg postliste». Om ønskjeleg må du be om innsyn i desse dokumenta.

Dokumenta vert normalt publisert på postlista 2 verkedagar etter at dokumenta er journalført. Dette er for at dokumenta først skal kontrollerast for å sikra at opplysningar som ikkje er offentleg, til dømes personopplysningar, ikkje vert publisert.

Unntatt offentlegheit

Dokument unnateke offentlegheit med heimel i lov, vert ikkje publisert på postlista. Det gjeld til dømes dokument i elevmapper, barnemapper og personalmapper. Dokument frå verksemdspesifikke fagsystem, som mellom anna helse- og omsorgstenester og barnevern, vert heller ikkje publisert.

Ønskjer du innsyn?

Du har som hovudregel rett til innsyn i alle dokument som ligg til grunn for vedtak som gjeld deg. Dokument som ikkje er skjerma kan du søkja etter her på nettsida.

Ønskjer du å lesa eller få kopi av skjerma dokument som gjeld deg eller di sak, kan du bruka dette skjemaet: Søknad om innsyn i sak eller dokument.

Du kan òg senda krav om innsyn til vårt postmottak på e-post: postmottak@kvam.herad.no 

  • Send ikkje førespurnad per e-post dersom den inneheld personsensitiv informasjon.

Kvam herad behandlar innsynskrav etter gjeldande lover. Dersom du ikkje får svar på eit innsynskrav innan 5 verkedagar etter at heradet har motteke førespurnaden, vert den rekna som avslått, og du har rett til å klaga.

Frist for å klaga på vedtak er 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. Klagen må vera sendt eller levert Kvam herad innan klagefristen.

Lover og reglar

Kvam herad – rådhuset
Telefon 56 55 30 00

Adresse: Grovagjelet 16, 5600 Norheimsund

Opningstider:
Måndag til torsdag kl. 10.00 – 14.00
 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.