Informasjon om busshaldeplass ved ungdomsskulen

I samband med kommunen sitt arbeid med å sjå på forbetringar av trafikktilhøva ved Kvam Ungdomsskule/Øystese idrettshall, vil det frå skulestart hausten 2019 verta gjennomført ei prøveordning der busshaldeplassen ved Kvam Ungdomsskule/Øystese idrettshall vert endra.

Skisse over plassering av bussar under prøveordningar, samt nye gangvegar

Over ser du ei skisse som syner plassering av bussar under prøveordninga og dei nye gangvegane. Gangvegane vert fyrst merka med måling, men vil etter kvart verta opparbeida med opphøgde fortau, dersom løysinga fungerer tilfredstillande. Behov for ekstra gatelys vil og verta vurdert i løpet av prøveperioden.

Born som skal krysse området på veg til barneskulen:

Born som skal krysse området på veg til barneskulen går ned trappa frå ungdomsskulen og kryssar området langs merka gangområde over til brua. Deretter følgjer dei fortauet til barneskulen.

Endringa knytt til bussar vert som følgjer:

Bussane til Norheimsund (1), Steinsdalen (2) og Vangdal/Tørvikbygd (3) får stoppestad langs idrettshallen. Bussane skal ikkje snu på området, men nyttar vegen langs fotballbanen ut til fylkesvegen. Vegen langs bana vil vera stengt for all anna trafikk, og vert berre opna for bussane om morgonen og på ettermiddagen.

Minibuss til Skårsvatnet og Store Krok/Tolomarka får stoppestad ved trappa til ungdomsskulen. Minibussane køyrer inn og ut over brua over Øysteseelva.

Buss i retning Ålvik får stoppestad ved busshaldeplassen til Øystese barneskule. Dette gjeld berre etter skuletid.

Tilsette frå ungdomsskulen vil vera tilgjengelege ved busshaldeplassen dei første dagane i skuleåret dersom elevane er usikre på kvar dei skal gå.

Parkering i området

Det vil verta parkering forbode for personbilar langs idrettshallen kvardagar i perioden 7.30-16.00.

Det vil vera høve til å parkera mellom idrettshallen og Holmatun som tidlegare. 

Kvam herad oppmodar vaksne og born om å vise varsemd når dei køyrer eller oppheld seg i området.