Influensavaksine – også for barn og unge i risikogrupper!
Dei fleste barn og unge toler influensa, men nokon kan bli alvorleg sjuke. Barn og unge i risikogruppa får oftare eit alvorleg forløp og blir derfor tilrådd influensavaksine. Hugs at barn med diabetes og astma også tilhøyrer risikogruppa.
Influensa er ein vanleg infeksjonssjukdom blant barn. Dei aller fleste barna vil ha møtt fleire influensavirus før fylte åtte år – og dei aller fleste av desse vil tola det godt. Influensa kan mellom anna føra til alvorleg lungebetennelse og forverring av underliggjande sjukdommar. Ved alvorlege komplikasjonar av influensa er sjukehusinnlegging nødvendig.
Influensavaksiner er vel utprøvde vaksinar, og har vore i bruk i mange år. Det tek omkring to veker før vaksina verkar. Barn som likevel får influensa etter vaksinasjon, har mindre risiko for å bli alvorleg sjuk og sjukehusinnlegging.
I underkant av 10 prosent av barn i Noreg blir influensavaksine tilrådd fordi dei har ein grunnsjukdom som aukar risikoen for alvorleg forløp av influensa. Risikoen for eit alvorleg forløp er høgare for barn i risikogruppene, som – sjølv om dei berre utgjer ein liten del av den norske barnepopulasjonen – står for omtrent ein firedel av dei influensarelaterte sjukehusinnleggingane blant barn i Noreg i vintersesongen. Dessverre er vaksinedekninga blant desse barna låg – mindre enn 1 av 10 av dei fekk vaksine i sesongen 2023/24.
Barn i risikogruppene blir derfor tilrådd influensavaksine frå 6 månaders alder.
Tilrådingane om influensavaksine til barn er i hovudsak dei same som til befolkninga elles. Risikogruppene for alvorleg influensa er formulert som overordna kategoriar, alt etter kva organsystem som er påverka.
Risikogrupper for alvorleg forløp av influensa er:
· Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
· Hjertesykdom
· Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade (til dømes epilepsi)
· Nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling (som til dømes organtransplanterte, kreft)
· Lever- eller nyresvikt
· Diabetes (spesielt dårleg regulert blodsukkernivå)
· Svært alvorleg fedme
· Annen alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (til dømes barn med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik)
· I tillegg har for tidleg fødde barn auka risiko for sjukehusinnlegging ved influensa. Risikoen er høgast for barn fødd før veke 32 i svangerskapet. Premature barn blir tilrådde årleg influensavaksine frå dei er 6 månader (kronologisk alder) og opp til 5 år.
I tillegg til desse gruppene blir vaksine tilrådd til dei som bur saman med – eller er tilsvarande nære – immunsupprimerte barn.
Kvar kan barnet mitt få vaksine?
Barn under skulealder kan få vaksine på helsestasjonen. Eldre barn kan få vaksine på felles vaksinasjonsdagar, eller hjå fastlege.
FHI