Høyringsfrist i saka er sett til 10. desember 2025. Høyringsinnspel som kjem etter det, vert ikkje vurdert.
Høyringsinnspel skal sendast til postmottak@kvam.herad.no
Til høyringa med alle dokumenta
Høyringsbrev er sendt til Ålvik skule, Ålvik barnehage, FAU ved Ålvik skule, grendautval og fleire. Høyringsbrevet skal vidaresendast til alle foreldre ved Ålvik skule og barnehage. Høyringa er open for alle innspel jamvel om du ikkje har fått tilsendt høyringsbrevet.
Indre ÅlvikVedtak i Kvam heradsstyre
- Heradsstyret vedtok 12. desember 2024 i heradsstyresak 130/24 å be rådmannen utgreia oppveksttun i Ålvik.
- Utgreiinga vart framlagt i heradsstyremøte 19. juni 2025, der det vart vedteke å laga ei høyringssak. HST-sak 049/25: Kvam heradsstyre gjev rådmannen i oppdrag å utarbeida høyringssak om å etablera oppveksttun i Ålvik, og endra føresegn for krinsgrensene for elevar på 5.–7. trinn i Ålvik. Sak om oppretting av oppveksttun, nedlegging av Ålvik barnehage og Ålvik skule, og endring av krinsgrenser for Ålvik vert utgreidd i éi og same sak.
- Heradsstyret vedtok 2. oktober 2025 i HST-sak 069/25 å senda sak om oppveksttun ut på høyring. Kvam heradsstyre gjev rådmannen i oppdrag å senda etablering av oppveksttun i Ålvik, nedlegging av Ålvik barnehage og skule, og endra forskrift for krinsgrensene for elevar på 5.–7. trinn i Ålvik ut på høyring. Saka skal leggjast fram for heradsstyret etter høyringsrunden.
- Saka skal vera på høyring i to månadar og endeleg vedtak i saka kan tidlegast fattast i fyrste møtebolk i 2026.