Høyring forprosjektrapport om Jon Fosse-senter i Strandebarm

Vestland fylkeskommune, Kvam herad og Fosse-stiftinga har utarbeidd ein rapport frå forprosjektet for eit Jon Fosse-senter i Strandebarm. 

Fylkeskommune sender rapporten frå forprosjektet på offentleg høyring. Høyringa er open for alle.

Frist for å senda inn høyringssvar er 27. mai 2025 (6 veker).

Til høyringa

Forprosjektrapporten har føre problemstillingar knytt til føremål, funksjon, innehald, målgrupper, samarbeidspartar, organisering og lokalisering for eit Jon Fosse-senter. Vestland fylkeskommune legg til grunn ei lokalisering av senteret på skuletomta på Tangarås i Strandebarm. Høyringa gjeld difor andre sider ved etableringa av senteret.

Det er eit mål at senteret skal vera lokalt ankra, men ha eit nasjonalt oppdrag. Senteret skal gje tilgang til inspirasjon og opplevingar, og kunnskapsformidlinga som må springa ut frå ein fagleg sterk organisasjon. Senteret skal vera understøtta av friviljug engasjement, men må ha ei profesjonell drift.

Med bakgrunn i rapporten frå forprosjektet ynskjer Vestland fylkeskommune innspel, særleg på desse spørsmåla: 

  • Kven bør vera hovudmålgruppene for eit Fosse-senter? 
  • Kva funksjonar bør eit framtidig Fosse-senter ha? 

I tillegg til dei tre som står atoom forprosjektet:

  • Kven vil det vera viktig å samarbeida med for å realisera senteret?
  • Kven vil det vera viktig å samarbeida med for å syta for langsiktig og god drift av senteret?