Folkehelseundersøkinga i Vestland 2026 - Nettsider for Kvam herad

Folkehelseundersøkinga i Vestland 2026

16. april 2026 blir mange innbyggjarar i Vestland inviterte til å delta i Folkehelseundersøkinga i Vestland. Målet er å få betre kunnskap om helsetilstand, trivsel og livskvalitet hjå vaksne i fylket.

annonse for folkehelseundersøkinga 2026 - Klikk for stort bilete

 

Undersøkinga blir gjennomført i samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Folkehelseinstituttet (FHI). 

Kvifor blir undersøkinga gjennomført?

Føremålet med folkehelseundersøkinga er å samle inn verdifull informasjon om helsa og trivselen i befolkninga. Resultata gir innsikt i korleis folk opplever si eiga helse, kva faktorar som påverkar livskvaliteten deira, og kva utfordringar dei møter i kvardagen. Denne informasjonen er avgjerande for å kunne utvikle målretta tiltak og styrkje folkehelsa i kommunen vår.

Fiskar tek opp garn - Klikk for stort bilete Morten Wanvik

 

Kvifor er undersøkinga viktig for kommunen vår?

For kommunane i Vestland er resultata frå folkehelseundersøkinga eit viktig verktøy i arbeidet med å skape betre lokalsamfunn. Ved å forstå kva helseutfordringar som er mest utbreidde, kan vi tilpasse tenestene og tiltaka våre for å møte behova til innbyggjarane på ein betre måte. Dette omfattar alt frå helsefremjande aktivitetar til førebyggjande tiltak.

Utsikt ned i Vettisfossen - Klikk for stort bileteUtsikt ned i Vettisfossen Julia Farsund Storvik

 

Korleis føregår undersøkinga?

Undersøkinga er nettbasert og tek om lag 20 minutt å svare på. Dei som blir trekte ut, får invitasjon frå Helsenorge. Det er trygt å delta, og alle svar blir behandla konfidensielt i tråd med gjeldande personvernreglar. Resultata blir berre publiserte på gruppenivå, slik at enkeltpersonar ikkje kan identifiserast.

Dei som treng hjelp til å logga seg inn på undersøkinga (via helsenorge) kan møta på Frivillighuste/BUA i Øystese torsdag 23.april i tidsrommet kl 17-19.

 

bilde av fasaden der BUA ligg - Klikk for stort bileteFå hjelp til å gjennomfør undersøking på BUA i Øystese torsdag 23. april

 

Trekning av gåvekort

ME håpar alle som får invitasjon, vil delta! Alle som svarer på undersøkinga, er med i trekkinga av ti gåvekort på 1000 kroner.

Lurer du på noko?

Har du spørsmål om undersøkinga, kan du ta kontakt med Vestland fylkeskommune: 
e-post: fhus@vlfk.no eller ringje: 90 14 53 55 (kl. 9.00–15.00)

Du kan også lese meir om folkehelseundersøkinga på nettsida til fylkeskommunen: www.vlfk.no/fhus eller på FHI sine nettsider: https://www.fhi.no/hs/folkehelseundersokelsene-i-fylkene/

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.