Festframsyning av filmen Kjærast

Fosse-stiftinga, Kvam Mållag, Folkeakademiet og Kvam herad inviterer til festframsyning av filmen Kjærast i Strandebarm ungdomshus søndag 6.9. kl. 18:00. 

Filmen har norgespremiere 18.9, og Jon Fosse har skrive manus.

Ungdomshuset i Strandebarm vil vera ei fin ramme for å visa førpremiere av filmen, og regissør Erik Poppe og hovedrolleinnehavarane Leo de la Nuez og Kristi-Helene Engeberg vert med på arrangementet, samt ordførar Torgeir Næss.

Deler av filmen er innspelt i Kvam.

Filmen handlar om Asle og Gerd som møtes i ein liten kystby lengst vest mot havet. Dei får ein son, og for ei tid er lykka fullkomen. Men Asle, sjømannen, er rastlaus og blir dregen mot havet, medan Gerd blir att i bygda, åleine med barnet. Avstanden mellom dei veks, og spørsmålet vert stilt: Kor mykje avstand tåler kjærleiken?

 

Her kan du kjøpa billettar til festframsyninga 6.9 i Strandebarm, samt fleire framsyningar på Kvam kino.

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.