Vassleidningsbrot i Norheimsund og Øystese

Vasslekkasjen vart utbetra fredag ettermiddag og vatnet er tilbake i Norheimsund og Øystese.

Som eit førebyggjande tiltak etter vassleidningsbrot og trykklaust vassleidningsnett, blir det tilrådd å koka vatn til drikke og matlaging fram til svar på vassprøvar ligg føre, tidlegast søndag 14.12.2025.

Dette gjeld områda vist på biletet under: 

Ved spørsmål ta kontakt med vakt for vatn og avløp på tlf. 56553400

Desentralisert barnehageutdanning i Kvam

Bli barnehagelærar i Kvam

Hausten 2025 startar det opp desentralisert barnehagelærarutdanning i regionen vår, med studiestad mellom anna i Kvam. Utdanninga er i regi av Hardanger, Voss og Kvinnherad Studiesenter, i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.

Utdanninga har ei varigheit på fire år, og er ei deltidsutdanning med eit omfang på 75%. Studiet er nett- og samlingsbasert, og ein har praksis kvart år i løpet av studiet. Praksisen vert lagt til ein godkjend barnehage i nærleiken av der du bur, om mogleg.

Her kan du lesa meir om studietilbodet og fylla ut eit uforpliktande interesseskjema: Barnehagelærarutdanning HVK

Søknadsfrist er 1. mars 2025

 

Har du ei tilbakemelding?

Fann du ikkje det du leitte etter? Har du ei anna tilbakemelding til nettsidene våre?  Bruk vårt tilbakemeldingsskjema.