Dagsturhytte i Kvam – invitasjon til å koma med framlegg til plassering

Heradsstyret gjorde 17.desember 2019,vedtak om å oppretta eit prosjekt om dagsturhytte i Kvam. No kan du koma med framlegg til plassering av ei slik hytte.

Dagsturhytter skal vera eit lågterskeltilbod for turgåarar.  Hytta skal vera tilrettelagt med ljos, varme og sanitæranlegg, der det er trong for det.  I tillegg skal hyttene ha eit bibliotek og ein plan for ulike arrangement. Tilgjenge til hytta skal vera opparbeidd, tilrettelagt og merka.

Prosjektet med dagsturhytter starta i Sogn og Fjordane fylkeskommune, og vert no vidareført i heile det nye Vestland fylke. Her i Kvam vil tilbodet vera eit resultat av eit spleiselag mellom Kvam herad, Vestland fylkeskommune, spelemidlar og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Hytta skal vera plassert nær skule eller liknande, og det skal vera mogleg tilkomst til stien til hytta via kollektivtilbod. Det bør vera maks 15 minutt køyring frå sentrum.

Du kan lesa meir på nettsidene til Vestland fylkeskommune.

Kvam herad vil oppmoda lag, organisasjonar og einskildpersonar om å koma med forslag til plassering av ei dagsturhytte i Kvam.  Skriv gjerne litt om kvifor de meiner dykkar forslag bør arbeidast vidare med, og kva de eventuelt kan bidra med for å realisera og drifta hytta. Fristen for å senda inn framlegg er 1. mars 2020.

Send innspel til:
Kvam herad
Grovagjelet 16
5600 NORHEIMSUND

eller på e-post: postmottak@kvam.kommune.no

For meir informasjon, ta kontakt med samfunns- og utviklingssjef Jon Nedkvitne, på tlf. 979 53 274 eller e-post jone@kvam.kommune.no.