Vegarbeid ved Framnes

Frå veke 43 (25. oktober) startar Vestland fylkeskommune opp arbeid ved Framnes vidaregåande skule, der det mellom anna skal etablerast nytt fortau.

Arbeidet vil vera gjennomført i løpet av to - tre veker. Det skal etablerast to heva gangfelt med intensivbelysning i tillegg til 25 meter nytt fortau. Det er Tverberg Entreprenør som skal gjennomføra arbeidet.