Varsel om oppstart av detaljreguleringsplan - småbåthamna i Norheimsund

I medhald av plan- og bygningslova §12-8 vert det kunngjort oppstart av detaljregulering for småbåthamn i Norheimsund i Kvam herad.
Klikk for stort bilete

Geoplan AS skal, på oppdrag for tiltakshavar, Hardanger Brygge Utvikling AS, utarbeide detaljreguleringsplan for området.

Planområdet ligg i sjø utanfor, gnr. 11, bnr. 493 og 496, Hardanger Brygge. Føremålet med reguleringsplanen er tilretteleggje for småbåtanlegg i tilknyting til, gnr. 11, bnr. 493 og 496, Hardanger Brygge. Delar av området er i tråd med gjeldande kommuneplan. Heile planområdet er lagt inn som småbåthamn i kommuneplanen som ligg ute på høyring. Heradet vurderer difor planen til å ikkje utløyse krav om planprogram jf. PBL §4-1 og konsekvensutgreiing jf. PBL §4-2. 
 
Planområdet er avgrensa som vist på kartskissa over.
 
Frist for innspel til planarbeidet er sett til 31.05.2019 
 
Innspel som kan ha innverknad på, eller vera av interesse for planarbeidet, skal sendast til Geoplan AS, Sandvenvegen 17, 5600 Norheimsund, eller via e-post; post@geoplan.no. Spørsmål rettast til Geoplan AS på tlf. 56 55 62 33. Alle innspel vil verta vurdert og lagt ved planframlegget når det vert sendt inn til Kvam herad for handsaming.