Ungdomshallen fyller 100

Visste du at Ungdomshallen i Norheimsund fyller hundre i år? 

Norheimsund ungdomslag vart skipa i 1893, og brukte skulehuset på Norheim som møtelokale dei fyrste åra. Etter nokre år byrja dei å samla inn pengar til ungdomshus, men huset var fyrst ferdig til opningsfest nyttårskvelden 1920. 

Håkon Valland fortel meir av den hundreårige historia i eit "På frihand"-innlegg i lokalavisa Hordaland Folkeblad. 

I dag er bygget kommunalt, og det husar både Kvam kino og Ungdomsbasen