Tilskot til verna kulturminne i Vestland 2020

Klikk for stort bileteTilskotsordninga tek sikte på gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi.

Kommunar i Vestland og eigarar av regionalt verdifulle kulturminne registrert i kulturminnedatabasa Askeladden kan søkja. Private søknadar skal sendast via kommunen.

Føremål

Tilskotsordninga tek sikte på å gje tilskot til istandsetting av verneverdige kulturminne prioritert av kommunane, regulert til bevaring/omsynssone vern eller vurdert av fylkeskommunen til å ha høg regional verdi.

Tilskot skal i fyrste rekkje nyttast til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Dei kan også nyttast til andre tiltak i handlingsplan til kulturminneplan, til dømes kurs og formidling.  

Kva kan ikkje støttast?

  • Tiltak på kulturminne i statleg, fylkeskommunalt eller kommunalt eige.
  • Tiltak på freda kulturminne.
  • Ordinær vedlikehald og drift.
  • Kommunal sakshandsaming knytt til ordninga.

Frist og meir informasjon

Fristen for å senda inn søknad til Kvam herad er 1. mars 2020. For meir informasjon, ta kontakt med sjef for samfunn, næring og kultur, Jon Nedkvitne.

Det er også mogeleg å søkja tilskot frå Kulturminnefondet, som forvaltar staten si tilskotsordning retta inn mot einskilde eigarar og lokale kulturminne. Til denne ordninga er det ingen søknadsfrist, og søknadane vert handsama fortløpande.