Tilskot til formidling og skjøtsel av automatisk freda kulturminne

Vestland fylkeskommune inviterer kommunar, lag og organisasjonar til å søkja om tilskot til formidling og skjøtsel av automatisk freda kulturminne. 

Tilskotet kjem frå bevaringsprogrammet BARK (Bevaringsprogram for automatisk freda kulturminne), og det er eit nasjonalt mål at eit utval av kulturminne og kulturmiljø over heile landet skal gjerast tilgjengeleg for publikum gjennom formidling og tilrettelegging, sikring og skjøtsel.

Det kan søkast om tilskot til:

  • Formidling og tilrettelegging
  • Skjøtsel av vegetasjon
  • Tiltak som gjev auka tilgjenge
  • Tiltak som reduserer slitasje på kulturminna
  • Restaurering

Søknadsfristen er 29. januar 2021, og søknad blir å senda til Vestland fylkeskommune. Ein finn også meir informasjon på nettsidene deira.